- Raserer Olden Helsetun

Ingolv Muri og fleirtalet i Rådet for eldre og personar med nedsett funksjonsevne går på det sterkaste imot rådmannen sitt forslag om å avvikle legekontoret og helsestasjonen i Olden.

  Foto: Harald Vartdal

Nyhende

- Eit slikt vedtak vil rasere Olden Helsetun, hevda Ingolv Muri og fekk fleirtal for fylgjande tilråding: «Når legetenesta i kommunen vert samla ved Stryn helsesenter, skal det framleis vere legeteneste to kurative dagar per veke i Olden og to kurative dagar per veke i Innvik, i tillegg til tilsyn ved Vikane omsorgssenter. Helsestasjonen i desse bygdene vert som før. Kommunen inngår ny leigeavtale med Olden Helsetun vedkomande rom til desse tenestene».

Anders Magne Vik var den einaste i rådet som fylgde rådmannen si tirådinga om å avvikle legekontoret og helsestasjonen i Olden.

Ingolv Muri synte til at Olden har hatt legekontor i 50 år. Siste 24 åra har Harald Hoff vore lokalisert i Olden Helsetun.

- Eg har respekt for dei faglege vurderingane i saka, men konsekvensane for lokalsamfunnet tilseier ein annan konklusjon enn nedlegging av legekontoret og helsestasjonen i Olden. Eit slikt vedtak vil vere eit stort tap for alle brukarane, spesielt for dei eldre, understreka han.



Les meir i papirutgåva