Står fast på Olden - Innvik

Samferdsleutvalet står fast på prioriteringa av Olden - Innvik sjølv om dei no vil lånefinansiere Leirgulen - Bortnen i Bremanger.
Nyhende

- Vi vil lånefinansiere det som trengst i Bremanger, men det skal ikkje få nokon innverknad på framdrifta for Olden - Innvik, seier leiaren i samferdsleutvalet Arnstein Menes etter møtet i utvalet.

Utvalet held fast på det administrasjonen har sagt om at innanfor ramma av føresett låneopptak, er det fv 60 Olden - Innvik som skal prioriterast.

- Utfrå det som er sagt om Olden - Innvik så blir det ei sak i samband med budsjettet for 2012. Difor hastar det ikkje med ei avgjerd no, seier Menes som meiner det er realistisk å tru at det skal bli midlar til kontinuerleg drift og oppstart på Agjeldstunnelen slik vegnemnda har kjempa for og som det er lagt til rette for.