Dramatisk utforkøyring

Sjåføren slapp unna med skrekken då vogntoget han køyrde mista veggrepet og var nær ved å havne i fjorden på fylkesveg 60 ved Skarstein, mellom Innvik og Olden. Uhellet skjedde ved to-tida natt til fredag.

  Foto: Bengt Flaten

  Foto: Bengt Flaten

  Foto: Bengt Flaten

  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

Vogntoget var på veg retning Stryn og skulle til Ålesund, men på fv 60 ved Skarstein, tett før Olden sentrum, gjekk det gale. Sjåføren har forklart til politiet at det var svært glatt på vegen. Dermed mista han kontrollen over det store køyretøyet. På eitt eller anna vis har hengaren kome utfor vegbana og drege trekkbilen med seg slik at denne vart ståande på kanten av vegbana, med fronten opp mot vegen. Hengaren låg velta nede i fjøresteinane og bidrog til å halde trekkbilen fast der han vippa på vegkanten ovanfor.

- Det var svært glatt då sjåføren kom her ved to-tida i natt, fortel bergingsmann Jan Bernhoft. Før han kunne starte berging av vogntoget, måtte han rekvirere gravemaskin som utvida vegen slik at eine bergingsbilen fekk plass til å kome seg forbi det havarerte vogntoget.

Fv 60 mellom Olden og Innvik vart stengd klokka 02.00 som følgje av utforkøyringa, og vert opna att fredag føremiddag når trekkvogna er berga. Mange pendlarar og skuleelevar vart forhindra i å kome seg på jobb og skule som følgje av den stengde vegen.