- Når eg har sagt ja til å stå øverst på lista, har eg også sagt ja til å vere ordførarkandidat, seier Roset. Han og Wenche Nesje er kummulert øverts på lista.
Roset har tre periodar bak seg i kommunestyret og også ein bolk der han møtte ein del som varamann.
Roset har ein periode i formannskapet, to i helse- og sosial og no er han styreleiar i Stryn Energi.
- Omsorgsutbygginga i Stryn blir den store, tunge saka i neste periode, seier Roset. Tidlegare snekkar som etter 17 år som vaktmeister ved Stryn Ungdomsskule gjekk over til fagarbeidar i barnehagen.
- Du må gjerne kalle meg barnehageonkel, smiler han lunt og vedgår at han har lært mykje på den nye arbeidsplassar.
- Vi byggjer barnehagar med altfor lite fysisk plass. Det er ikkje alle som er så heldige som vi i Vikalida med skogen rett utanfor, seier han.
Les meir i papirutgåva