- Må strekkje seg svært langt i legesaka

Jofrid Rye Hestenes retta sterk oppmoding til Stryn kommune om å sikre framtidige legekontor i Olden og Innvik. - Administrasjonen må strekkje seg svært langt i tilsetjingsprosessen, understreka Sp-representanten frå Utvik.
Nyhende

Jofrid Rye Hestenes synte til Harald Hoff sin store innsats gjennom 39 år. Forutan å vere fastlege for 1.100 personar, har han hatt tilsyn ved Vikane omsorgssenter.

- Det er svært viktig at Stryn kommune held oppe legekontor og helsestasjon i Olden. Det vil vere ei samfunnsøkonomisk dårleg løysing dersom foreldre må ta seg fri halve dagen for å køyre borna til lege i Stryn. Også bebuarane på helsetunet får det vanskelegare, samstundes som Olden Helsetun misser viktige inntekter. Mitt ønskje var at stillinga til doktor Hoff skulle lysast ut med base i Innvik. På den måten ville ein sikre framtidige legekontor i Olden og Innvik og tilføre kompetanse på omsorgssenteret. Eg vil oppfordre administrasjonen om å strekkje seg svært langt for å oppretthalde legetilbodet i Olden og Vikane, avslutta Jofrid Rye Hestenes.

På møtet i kommunestyret vart det delt ut brev frå legane i Stryn, der dei argumenterer sterkt imot utekontor.



Les meir i papiravisa