Ventura kjem 17. mai

Gigantskipet Ventura kjem attende til Olden på sjølvaste 17. mai. Då blir det som tidlegare ei feststund for passasjerar og bygdefolk.

  Foto: Ove Sveen

Nyhende

Ventura med sine 116.000 bruttotonn og om lag 3.500 passasjerar blir som i fjor det største skipet i Olden. Også 20. juli skal skipet gjeste Olden.

Cruisesesongen er godt i gong. Torsdag og fredag vitja Athena, med mange svenskar om bord, Geiranger og Olden. I dag er Amadea på besøk i Nordfjordeid og Olden.



Sjå heile cruiselista i papiravisa