Sjur Ole Svarstad landslagstrenar

Sjur Ole Svarstad (29) frå Markane, er tilsett som ny landslagstrenar for det nye rekrutteringslandslaget i langrenn.

  Foto: Foto:Inge Fænn

Nyhende

Ein fantastisk jobb. Eg flytter til Lillehammar med det aller første. Det er løparane bur, seier Sjur Ole Svarstad som no tek over jobben etter Roar Hjelmeset som nyleg var tilsett som sprintrenar r for kvinnelandslaget. Dermed er det nordfjordingar i trenarteamet til Skiforbundet sjølv om Morten Aa Djupvik er på veg ut.

Svarstad og Hjelmeset har vore tilsette ved skigymnaset på Hovden, og Sjur Ole som gjekk langrenn for Markane som gutte- og juniorløpar har også vore innom krinslaget til Sogn og Fjordane som krinslagstrenar.

Det er ikkje noko som er meir spennande enn å jobbe med dei beste unge seniorane i langrenn i Norge. Eg blir veldig motivert av å jobbe med toppseriøse utøvarar, og dette er ein draum for ein trenar. Målet er å bidra til utvikling. Laget har kjempespennande utøvarar, ogeg gledar meg veldig til å komme i gang, seier Svarstad i eit intervju på heimesida til Norges Skiforbund.

Han kjenner mange av utøvarane frå før. Han får blant andre Finn-Hågen Krogh, Heidi Weng Tomas Northug og Pål Golberg. Weng og Krogh har friplass i verdenscupen neste sesong etter sammenlagt seier i Skandinavisk cup, og Golberg varpå pallen i verdenscupen i vinter. Hågen Krogh vart nummer to i avslutningstouren i Falun i mars. Mange av løparane han no får hand om var frontfigurar under junior-NM på Ullsheim i fjor, og han han får også vitjing av Johannes Thingnes Bø på nokre av samlingane.