- Lys ut Hoff-stillinga

Leiaren i Olden Raude Kross ber Stryn kommune søkje etter lege som er villig til å arbeide to vekedagar i Olden og to i Innvik.

  Foto: Harald Vartdal

Nyhende

- Kommunen må snarast lyse ut stillinga til Harald Hoff. Etter mitt syn bør det vere gode sjansar for å få tak i ein europeisk lege som vil arbeide i Innvik og Olden, seier Sigurd Strand til Fjordingen.

Stryn kommune såg ut til å få til ei ordning som langt på veg imøtekom kravet frå innbyggjarane i Olden og Vikane. Utgangspunket var at eit legepar som søkte ein av to ledige heimlar, sa seg villige til å ha kvar sin kontordag per veke i Innvik. I tillegg ville ein av dei faste legane i Stryn, Anne Stubdal, inntil vidare bemanne legekontoret i Olden ein dag i veka. Denne kabalen gjekk ikkje opp då legeparet takka ja til jobb annan stad.

Sigurd Strand meiner kommunen må gjere nytt forsøk på å skaffe legedekning til å vidareføre dagens opplegg når Harald Hoff sluttar 1. juli.



Les meir i papirutgåva