Stal bilskilt på Utvikfjellet

Nyhende

Laurdag fekk politiet melding om at skilta var stolne frå ein bil som stod parkert på Utvikfjellet.

Tjuveriet skjedde medan eit par frå Innvik var på ein to timars fjelltur. Då dei kom attende til bilen, var begge registreringsnummera fjerna frå bilen.

Politiet opplyser at skilta tilhøyrer ein blå Skoda Octavia. Registreringsnummeret er SD 45350. Politiet ønskjer tips dersom nokon ser ein annan bil med dette registreringsnummeret.