Skatten tok overskotet frå Innvik Kraftverk AS

Innvik Kraftverk AS noterte seg for eit driftsresultat før skatt på 1,3 mill. kroner. Etter at kemneren hadde teke sitt, viser botnlina minus 73.593 kroner.
Nyhende

Innvik Kraftverk AS vart skipa i 2005. Kraftverket produserer gjennomsittleg om lag 45 GWh per år, noko som tilsvarar forbruket til 2.250 husstandar. Ifølgje årsmeldinga sparer kraftverket i Innvik miljøet for 15.300 tonn CO2 utslepp årleg. Det svarar til produksjonen i gasskraftverk utan CO2 handtering.

I 2010 vart det produsert 34,9 GWh i kraftverket som utnyttar det 531 høge fallet frå Skådistøylen. Det var 10,4 GWh mindre enn i 2009.

Ordinært resultat før skattekostnad utgjorde1.339.579 kroner. Med skatt på 1.413.172 kroner vart det eit minusresultat på 73.593 kroner.

Stryn Energi AS eig 59,2 prosent av aksjane i Innvik kraftverk AS, Sogn og Fjordane Energi AS sit med 30 prosent og resterande 10,18 prosent er eigd av grunneigarar og bygdefolk i Innvik.