Vil ha kontinuitet på Olden-Innvik

Nyhende

Politikarane i det fylkeskommunale finansutvalet er opptekne av å leggje til rette for kontinuerleg anleggsdrift på fylkesveg 60 Olden-Innvik og vil ikkje vente til slutten av året med ei avklaring.

Sekretariatsleiar Knut Hennig Grepstad stadfester overfor Fjordingen at vegprosjektet Olden-Innvik var mellom det som kom opp til drøfting på finansutvalet sitt møte 29. juni. I utvalet sit politikarane som er med i fylkesutvalet samt leiarane i dei fylkeskommunale hovudutvala.

- Finansutvalet er opptekne av å ha kontinuerleg framdrift på Olden-Innvik. På denne bakgrunn vart fylkesrådmannen beden om å kome tilbake til dette prosjektet i neste arbeidsdokument for utvalet. Det vil seie i september, opplyser Grepstad og legg til:

- På det tidspunktet vil ein del anbod på andre prosjekt i fylket vere avklara. Dermed kan finansutvalet vurdere om midlar som ligg inne i det såkalla avviksfondet, kan frigjerast til bruk for å halde kontinuerleg framdrift på Olden-Innvik.

Avviksfondet er på 100 millionar kroner. På fylkesveg 60 Innvik-Olden er det Holen-Ugla med Agjeldstunnelen som er neste delprosjekt når det pågåande arbeidet ved og i Holentunnelen er unnagjort.