Dooria legg ned i Utvik

Det blir slutt på dørproduksjonen i Utvik
Nyhende

Etter at det i forrige veke blei begjæra oppbud ved dørfabrikken i Årdal, er det nå klart at det heller ikkje er grunnlag for å oppretthalde produksjonen ved dørfabrikken i Utvik. Verksemda i Utvik er heilt avhengig av Årdal, og det er difor ikkje lenger økonomisk grunnlag for drift i Utvik.

Situasjonen har vore drøfta med dei tillitsvalde ved verksemda, og på bakgrunn av alvoret i situasjonen, og lang tid med utryggleik, har dei tilsette ønskt ei avklaring så raskt som mogleg.

- Dei tilsette i Utvik har levd med utryggleik i mange år – og kvar enkelt har strukke seg svært langt i håp om å kunne bidra til å redde verksemda. Denne utryggleiken har sjølvsagt vore slitsam, og etter kvart har også viktige tilsette funne seg arbeid andre stader. Når sjølve livsgrunnlaget for verksemda nå er borte, har vi ikkje anna valg enn å kaste inn handkleet i Utvik, seier Mikkel Sandvik, konsernsjef i Dooria.

Det vil nå bli sett i gang ein prosess med kvar enkelt ansatt, og konsernet vil bruke den tida som er nødvendig for å skape ro og orden rundt avviklinga.

- Det er tungt å måtte gi slike meldingar til gode og lojale kollegaer. Dooria-konsernet leverer no positive resultat, og det hadde dirfor vore svært hyggeleg å kunne teke med kollegaene i Utvik inn i den spennande perioden vi går inn i. Vi har vurdert ei rekkje løysingar for å kunne få til fortsatt drift, men har ikkje funne lønnsame løysingar, seier Sandvik.

Han legg til at ein nå vil sjå om det kan finnast mogeligheiter for å få i gang anna type verksemd i lokala med nye eigarar, som kan gjere seg nytte av den kompetansen og det utstyret som finst.