- Forferdeleg trist

- Sjølv om vi etter Dooria-konkursen i Årdal visste utfallet av styremøtet, er dette ein forferdeleg trist dag, seier tillitsvald for dei tilsette, Johan Berge.
Nyhende

I sommar er det 40 år sidan Johan Berge byrja på hjørnesteinsverksemda i Utvik. Som tilsett og tillitsvald har han vore med på mange opp- og nedturar. Styremøtet torsdag 7. juli 2011 fekk det verst tenkelege utfallet. Saman med eit titals andre tilsette står Johan Berge utan arbeid når siste døra vert produsert i desember 2011.

- Eg vil ikkje gje Credo Partner som overtok 1. juli 2010, skulda for avviklinga av Dooria i Utvik. Eg er meir kritisk til den gamle leiinga. Men det må også seiast at dette er ein veldig vanskeleg bransje, seier Berge til Fjordingen.

- Du og dei andre tilsette var førebudde på at dørproduksjonen i Utvik ville bli lagt ned?

- Ja, då Dooria i Årdal gjekk konkurs for få dagar sidan, visste vi at det også kom til å bli slutt på dørproduksjonen i Utvik. Dette trass i at vi i mai og juni fekk omtrent balanse i drifta og vi såg moglegheiter for å kunne snu utviklinga, fortel Johan Berge. Som legg til:

Samstundes som nedlegginga opplevest veldig bittert, er det godt å få ei avgjerd. På den måten slepp vi å gå og spekulere på framtida.