Vil skape nye arbeidsplasar i Utvik

Ordførar Nils Petter Støyva forsikrar at han og kommunen vil gjere sitt ytterste for at det også i framtida skal vere arbeidsplassar i den store fabrikkbygningen i Utvik.
Nyhende

- Kommunen må saman med lokalt næringsliv i Vikane, Stryn Næringshage og Credo Partner sjå om det er mogeleg å få til ny aktivitet. Ein av grunnane til at vi fekk omstillingsmidlar til næringsprosjekt, var utviklinga ved Dooria si avdeling i Utvik, seier Støyva.

- Dette er ein trist dag for Stryn kommune?

- Ja, både for kommunen, næringslivet i Stryn og ikkje minst bygda Utvik. Tidlegare Fjordtre og no Dooria har vore ei hjørnesteinsverksemd for Vikane. I dag går mi store medkjensle til dei tilsette og andre som vert råka av nedlegginga, understrekar ordførar Nils Petter Støyva.