Motorsyklist skadd på Utvikfjellet

Ein tysk motorsyklist fekk lårbeinsbrot etter å ha køyrt inn i ein bil.

  Foto: Hans Holmøyvik

Nyhende

Uhellet skjedde torsdag ettermiddag, på fylkesveg 60 cirka ein kilometer nedanfor Karistova på Utvikfjellet.

Politibetjent Laila Fuglestein opplyser at tre tyske motorsyklistar på veg til Nordkapp, køyrde i følgje bak ein bil ned frå Utvikfjellet. Like før ei bru der vegen smalna inn, bremsa bilen sakte opp fordi det kom køyretøy imot. Truleg har den første motorsyklisten lege litt for nær bilen og feilrekna avstanden. Dermed krasja han inn i bakparten på bilen, heilt ute på på venstre side.

- Vitne fortel at motorsykkelen vart kasta opp i lufta etter kollisjonen, og at tyskaren deretter fekk sykkelen over seg, seier Fuglestein. Resultatet vart lårbeinsbrot. Den skadde vart frakta til sjukehuset i Førde med luftambulanse.