Utfor ved Ugla

Nyhende

Litt før klokka sju laurdag morgon fekk politiet melding om at ein bil hadde køyrt utfor fylkesveg 60 Olden-Innvik, nærare bestemt mellom Ugla og Vangberg. Føraren var åleine i bilen då uhellet skjedde. Han kunne opplyse at han var uskadd. Dermed oppretta ikkje politiet sak utforkøyringa.