Trafikkulukke på fylkesveg 60 Olden - Innvik

  Foto: Harald Vartdal

Nyhende

Ein personbil køyrde litt før klokka 12 utfor fylkesveg 60 ved Ugla. Politi, luftambulanse og ambulanse kom raskt på ulukkesstaden.

- Helsepersonell har jobba med førstehjelp på staden. Det tyder på at førar, ein eldre mann, kan ha fått eit sjukdomsanfall. Han vert no frakta til Førde Sentralsjukehus, melder politiet.