Lyn, torden og voldsom nedbør

Katastrofealarm i området kring Steindøla på Blakset, flaum og ras på Flore i Markane, stengd veg på Maurset og jordras på Nesje i Oppstryn er uværsbildet i indre Nordfjord i morgontimane måndag.
Nyhende

Det var ved 01.00 - tida i natt at uværet slo til for fullt med lyn, torden og voldsome nedbørsmengder. Folk fortel om gneistrandev sikringsskåper, straumbrot, utslegen telefon og ledningar som vart rivne ut av støpsel i lynsnedslaga.

Verst ramma er Blakset. Vi har ikkje vore på staden grunna stengd veg, men kraftstasjonen i Steindøla er skada, og bjelkar frå dei øverste bruene er komne ned til fylkesvegen der brua og omlag 30 meter er borte.

Folk i området var evakuerte med båt og overnatta på Stryn Hotel.

IPå Flore i Markane losna eit jordras som tetta jølet ovanfor Flore. Elva tok nye vegar og lagde ei djup grøft med mellom det gamle og den nye bustadhuset på Flore.Vegar er øydelagde og dyrka jord ligg under stein og skog i store område.

På Maurset er den kommunale vegen stengd på grunn av flaum, og Oppstryn har det gått eit stor jordras på Nesje.