Lettare skadd i MC-ulukke

  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

Føraren og passasjeren slapp frå det med lettare skader i ei motorsykkelulukke på fv 60 mellom Olden og Innvik måndag føremiddag.

Ulukka skjedde då tre motorsyklar som køyrde saman skulle bremse ned for ein møtande bil.

- Då den første sykkelen bremsa, klarte ikkje nummer to å bremse ned i tide. Dermed køyrde sykkelen først inn i sykkelen framom, før han velta og sklei inn i sida på den møtande bilen. Dei to på motorsykkelen fekk mindre skader og vart køyrde til lege for kontroll, opplyser politibetjent Geir Olsen.

Farta var låg då uhellet skjedde. Dette var medverkande til at ulukka ikkje resulterte i meir alvorlege personskader. Motorsykkelen var ikkje køyrbar etter uhellet. Det vart mindre skader på bilen og motorsykkelen som vart påkøyrd bakfrå.