Bom fast på Norges verste

Nyhende

Trafikken stod måndag ettermiddag og kveld bom fast på fv 60 mellom Olden og Innvik. Årsaka var at ferja mellom Lote og Anda stod på grunn av tekniske problem. Trafikantane vart råda til å køyre om fv 60. Eit råd som viste seg ikkje å vere særleg godt. For den smale og svingete vegen er langt frå dimensjonert til å ta så stor trafikk.

Ettersom ferja stod i fleire timar, vart situasjonen mellom Olden og Innvik også stadig verre. Ved halv fem tida på ettermiddagen kom politiet på plass for å dirigere. Då løyste det seg etter kvart opp. Men med bubilar, bussar og vogntog ståande i kø i begeg retningar, var det ei stor utfordring å få løyst floken.

Det er ikkje kome melding om at det skjedde noko dramatisk i området som utløyste behov for at ambulanse eller redningsbilar måtte kome forbi. Hadde det skjedd, kunne konsekvensane blitt dramatiske.