Første kvinnelege ordførar i Hornindal

  Foto: Hans Holmøyvik

Nyhende

Anne-Britt Øen Nygård (Sp) blir ny ordførar i Hornindal.

Dermed blir Anne-Britt Øen Nygård historisk i den forstand at ho blir den første kvinnelege ordføraren i Hornindal. Edvin Haugen (H) må takke for seg etter to år i ordførarstolen.

Det er vidare klart at Idar Nygård (V) blir ny varaordførar i Hornindal, etter partikollega Siv Kristensen som ikkje stilte til val denne gongen.