Vil sikre framdrifta på Olden-Innvik

  Foto: Inge Fænn

Nyhende

Anleggsdrifta på fylkesveg 60 Olden-Innvik skal gå kontinuerleg. Dette blei i dag gitt klart til kjenne av politikarane i samferdsleutvalet. Dei går ikkje med på å utsetje vidare anleggsarbeid til etter 2015.

Med andre ord vil ikkje fylkesrådmannen sitt framlegg om å vente i fleire år med det resterande opprustingsarbeidet på Olden-Innvik, få tilslutning. Fylkespolitikarane er innstilte på å finne ei løysing som sikrar framdrifta på anlegget.

- Vi drøfta saka på møtet i samferdsleutvalet. Signala er heilt klare. Alle er innstilte på å finne fram til ei finansiering som gjer det muleg å halde framdrifta på Olden-Innvik, seier Arnstein Menes (Sp), leiar i samferdsleutvalet i fylket.

Les meir i papiravisa