Holentunnelen opnar neste veke

Nyhende

I slutten av neste veke vil bilistane kunne køyre gjennom den nye Holentunnelen på fv 60 Olden - Innvik. Opninga av den knapt hundre meter lange Holentunnelen måtte utsetjast i fleire månader på grunn av reknefeil frå ein konsulent som arbeidde med armeringa av portalane. Men no er alt klart.

Trafikken vert sett på 13. eller 14. oktober, opplyser Margot Aase Åsebø i Statens vegvesen.

- Skal opninga markerast?

- Nei, i denne omgang blir det ikkje snakk om markering av at Holentunnelen er opna for trafikk.