36 nye gatelys i Innvik

Nyhende

Stryn Energi AS er i ferd med å setje opp 36 nye gatelys på strekninga frå ungdomshuset Heimlund i retning Utvik. Det blir godt motteke av Espen Aarreberg og dei andre som har kjempa for tryggleiken til mjuke trafikantar i Innvik.

- Vi er svært fornøgde med måten Stryn kommune og Statens vegvesen har hand-sama våre ønske og krav når det gjeld gatelys, nedsett fartsgrense og merking av brua ved Heimlund, seier Espen Aarreberg til Fjordingen.

Gatelyseprosjektet vart i 2009 kostnadsrekna til 648.000 kroner. Sogn og Fjordane fylkeskommune dekkjer 324.000 kroner frå sine trafikktryggingsmidlar. Stryn kommune betalar resten av rekninga.

- Vi hadde tenkt å få sett opp meir enn 36 lyspunkt. På grunn av Statens vegvesen sine krav til kortare avstand mellom mastene, kom vi ikkje så langt vestover som planlagt. Men vi får no opplyst heile strekninga så langt der er hus, fortel prosjektingeniør Tor Guddal til Fjordingen.

Espen Aarreberg gler seg over at gatelysa snart blir kveikte.

- Her er nærare 40 born og unge som brukar vegen dagleg til skule eller for å delta på ulike aktivitetar. Gatelysa betyr alt for deira tryggleik. No kan vi sende borna langs vegen utan å vere redde for at dei ikkje blir sett. At også opplysinga av avkøyrslene blir mykje betre, har stor betydning for trafikktryggleiken til både bilistar, fotgjengarar og syklistar. Så dette er kjempegreier, slår Aarreberg fast.

Les meir i papiravisa