Steinras på fv 60 Olden - Innvik

  Foto: Harald Vartdal

  Foto: Harald VArtdal

Nyhende

Laurdag føremiddag fall to store steinblokker ned på fylkesveg 60 mellom Ugla og Vanbergtunnelen. Ingen personar kom til skade.

Raset vart varsla klokka 11.13. Steinblokker på ca 4 og 2 kubikk hadde losna oppe i skråninga og fylte vegbana. Med raset fylgde også eit stort tre.

Mjølkebilsjåfør Bjarne Gjerde frå Olden var sekund frå å bli teken av raset.

- Eg var på veg til meieriet på Byrkjelo og hadde kome 60-70 meter forbi rasstaden då eg såg støyskya i spegelen. Eg frykta at bilen som kom bak meg skulle køyre inn i steinmassane. Men sjåføren klarte heldigvis å stoppe på ei avkøyrsle, fortel Bjarne Gjerde til Fjordingen

- Du hadde marginane på di side?

-Ja, i ettertid er det skræmande å tenkje på kor nær eg var på å bli teken av raset.

Geolog Kristian Kjesbu kom raskt på rasstaden.

- Steinblokkene har truleg losna på grunn dei enorme nedbørsmengdene. Vi må få reinska opp i bergsida før vegen kan opnast igjen, uttalte han til Fjordingen.

Lars Erik Karlsen i Statens vegvesen kunne laurdag i 15-tida opplyse at spesialistar på fjellreinsking var på veg til rasstaden.

- Dei vil fire seg i tog ned til staden der steinblokkene rasa ut. Deira undersøking av bergsida og geologen si vurdering avgjer når ryddearbeidet kan ta til. På noverande tidspunkt er det uråd å seie når vegen vert opna igjen, sa Karlsen.