- Vegen blir opna tidlegast søndag

Nyhende

- Fylkesveg 60 mellom Olden og Innvik blir opna tidlegast søndag, seier prosjektleiar drift og vedlikehold Fjordane, Lars Erik Karlsen.

- Korleis går fjellreinskinga?

- Dei røynde karane som vart henta frå Stongfjorden, har teke seg ned til rasstaden og byrja på arbeidet. Men dei blir ikkje ferdige i kveld og arbeidet held fram søndag morgon.

- Kan du seie når vegen er venta opna?

- Nei, det er uråd å seie noko om no, men det kan tidlegast skje i morgon.