Fv Olden - Innvik vert truleg opna måndag morgon/føremiddag

Nyhende

- Fv 60 Olden - Innvik vil truleg bli opna måndag morgon/føremiddag, opplyser Lars Erik Karlsen til Fjordingen.

- Vi har brukt helikopter til å spyle punktet der steinblokkene losna. Fjellreinskarane vil no går over rasstaden. Dette arbeidet tek to - timar. Deretter må vegbana ryddast. Vi ser det som uaktuelt å opne vegen i mørkret, og tek ny vurdering så snart det lysnar i morgon. Slik det ser ut no, vil trafikken bli sett på måndag morgon/føremiddag, fortel Lars Erik Karlsen.