- Tida er overmoden

  Foto: Harald Vartdal

Nyhende

Per Kjøllesdal ber alle innsjå behovet for å få sikra fv 60 Olden - Innvik raskast mogeleg.

Raset som gjekk laurdag viser kor viktig det er med samanhengande anleggsdrift. Vi har ikkje tid å miste når det gjeld sikring av fv 60 Olden - Innvik, seier Utvik-politikaren som sjølv er storbrukar av vegen.

- Raset er eit godt argument for at anleggsarbeidet må gå utan stans?

- Ja, det viser at tida er overmoden for at det må skje. Eg har lenge sagt at det berre er tidsspørsmål før at det heile bryt saman, og at situasjonen på 60 Olden - Innvik blir endå verre når Kvisvegen opnar neste haust. Med større trafikktettleik aukar også risikoen for alvorlege ulukker ved ras og uforkøyringar på grunn av dei svake vegkantane. Bussar og andre tunge køyretøy er spesielt utsette.

- Har du som storbrukar av vegen, vurdert rasstaden mellom Ugla og Vangbergtunnelen som spesielt farleg?

- Nei, ikkje verre enn andre stader. Eg har sett at der gjennom mange år har rasa stein i vegbana, men var ikkje klar over at det kunne kome så store blokker. Etter det som skjedde laurdag føremiddag, kan vi prise oss lukkelege over at det ikkje gjekk liv. Alle må innsjå at det hastar å få bygt både Agjeldtunnelen og den nye Vangbergtunnelen. Før årsskiftet 2015 må begge desse strekningane vere ferdige, understrekar Per Kjøllesdal.