Fv 60 Olden - Innvik opna for trafikk

Nyhende

Fv 60 Olden - Innvik vart måndag klokka 15.30 opna for trafikk etter å ha vore stengd i over 52 timar.

- Måndagen vart brukt til å etterreinske fjellsida og fjerne massen som låg i vegen, opplyser prosjektleiar drift og vedlikehald Fjordane, Lars Erik Karlsen.

- Og no er vegen trygg?

- Ja, no skal vegen vere trygg forbi rasstaden.