Holentunnelen opna

  Foto: Harald Vartdal

Nyhende

Den 280 meter lange Holentunnelen er opna.

Dei første opplysingane gjekk ut på at trafikken ville bli sett på måndag. Men opningstidspunktet vart endra til tysdag klokka 15.

- Årsaka var at vi måtte gjennomføre ein del spyling inne i tunnelen, opplyser prosjektleiar Jon Harald Huseklepp til Fjordingen.

- No er alt ferdig?

- Det gjenstår å leggje siste asfaltlaget (slitedekket) på heile strekninga frå Holen til påhogget for Agjeldtunnelen. Dette arbeidet tek eit par dagar, og det blir då manuell dirigering, fortel Huseklepp.

Neste prosjekt på fv 60 Olden - Innvik er bygging av den 1.200 meter lange Agjeldtunnelen, pluss 1.000 meter veg i dagen. Statens vegvesen har fått midlar til prosjektering, skogrydding og grunnerverv.

- Vi ventar no på at fylkestinget i desember løyver pengar til anlegget. Eit positivt vedtak betyr utlysing over nyttår og oppstart til våren, seier Margot Aase Åsebø i Statens vegvesen til Fjordingen..

I tredje fase kjem nye Vangbergtunnelen og fullføring vegen inn til Olden.