Halvert fruktavling

Nyhende

Produksjonen av plome, pære og eple er nærast halvert i høve til eit normalår. Avlingssvikten skuldast ikkje regnet i sommar og i haust, men kulden under blomstringa i vår.

- Det var bra med blomster, men biene ville ikkje ut av kubene. Utan bestøving blir det heller ikkje frukt, seier dagleg leiar ved Innvik Fruktlager, Svein Kvame.

Han understrekar at svikten ikkje gjeld berre i Sogn og Fjordane. Det er likt over heile landet.



Les meir i papirutgåva