Omkom i hyttebrann

Nyhende

Ein person er funnen omkomen etter hyttebrann i Innvik måndag ettermiddag. Brannen vart meldt i 14.30-tida. Hytta som ligg i Hildastranda bustadfelt var bebudd, men det var ei stund uklart om det var folk i hytta då det tok til å brenne.

Politiet kunne seinare i ettermiddag opplyse at ein person er funnen omkomen inne i hytta. Personen er førebels ikkje identifisert.

Brannmannskapa som kom raskt på staden, sørga for at elden ikkje spreidde seg til nabohusa. Ved 15.00-tida hadde brannvesenet kontroll over brannen, og seinare på ettermiddagen vart det utført ettersløkking.

Årsaka til brannen er førebels ikkje kjent. Saka vert etterforska vidare ved Stryn og Hornindal lensmannskontor.