Brannen starta nær soverommet

Nyhende

Politiet antar at det er den sakna Bård Mardal som omkom i hyttebrannen i Innvik måndag.

Arbeidet med identifisering er ikkje avslutta enno, men ettersom det berre er ein person sakna i Innvik, går politiet i samråd med pårørande no ut og seier at dei antar at den omkomne er mannen som budde i hytta, 68 år gamle Bård Mardal.

- Etterforskinga konkluderer med at brannen har starta i nærleiken av soverommet der den omkomne vart funnen. Det er og her hytta er mest utbrend, seier lensmann Inger Lill Lanes.

- Har politiet funne årsak til brannen?

- Det vi kan seie, er at brannen ikkje skuldast feil på det elektriske anlegget. Ut over det, er det vanskeleg å fastlå eksagt, seier Lanes.