- E39 over Svarstad og Utvikfjellet

Nyhende

Statens vegvesen vil leggje den framtidige E39 gjennom Kviven, vidare på bru ved Svarstad i Stryn og deretter i tunnel gjennom Utvikfjellet.

Det kom fram under ein pressekonferanse i Ørsta tysdag morgon, der vegdirekør Terje Moe Gustavsen overleverte vegvesenet sitt forslag til samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Traseen gjennom Kviven, fjordkryssing ved Svarstad og tunnel under Utvikfjellet er rekna til 4,5 milliardar kroner. Eit alternativ med fjordkryssing Lote-Anda og E39 gjennom Stigedalen og deretter kryssing av Voldsfjorden, kostar to milliardar kroner meir.

Forslaget til E39 mellom Skei og Ålesund er ein av tre konseptutvalutgreingar som no skal ut på høyring til kommunar, fylkeskommunar og andre instansar. Høyringsfristen er sett til 1. februar.