Splittar indre og midtre Nordfjord

Nyhende

Ordførarane i Stryn og Hornindal er godt nøgde med tilrådinga om å leggje E39 om Stryn. I Gloppen og Eid er tonen ein heilt annan.

Både Sven Flo (H), ordførar i Stryn og Anne Britt Øen Nygård (Sp), ordførar i Hornindal, hadde møtekollisjonar som hindra dei i å vere til stades då KVU-rapporten vart presentert i Ørsta i går. Men begge følgde med gjennom media. Og på spørsmål frå Fjordingen i går ettermiddag sa begge at dei ser på framlegget som svært positivt.

- Vi har halde ein forsiktig profil fram til fagfolka kom med sine anbefalingar. No kan eg seie at eg er svært godt nøgd med dette forslaget. Det vil gje positive ringverknader for Stryn å ha E39 gjennom kommunen. Også når vi ser E39 i samanheng med rv 15 austover, poengterer Sven Flo.

- Dei er ikkje fullt så fornøgde, kollegaene dine i midte Nordfjord. Dei manar til samhald og felles kamp for E39 med bru Lote-Anda. Vil ordføraren i Stryn vere med på eit slikt samarbeid?

- Noverande ordførar vil ikkje argumentere for brukryssing Lote-Anda og E39 gjennom Stigedalen. Eg er oppteken av raske vegar. Når debatten no startar, vonar eg vi kan få ein diskusjon om gode tilførselsvegar frå midte til ein ny E39 i indre, seier Flo.

Anne Britt Øen Nygård, ordførar i Hornindal, seier ho trur vegvesenet har tenkt E39 langs indre linje heilt sidan Kvivsvegen vart vald som del av E39.

- For meg kom ikkje dette overraskande, og personleg er eg fornøgd med tilrådinga. Eg meiner E39 må byggjast for at ein skal kome fort fram. No må vi kome raskt vidare også med planlegginga av tunnel mellom Grodås og Øyebakken, seier Øen Nygård.

- Det vert ikkje Nordfjord-semje med ditt og Sven Flo sitt syn om E39 om Stryn?

- Nei, men å få full semje om veg er vanskeleg. Til sjuande og sist handlar det om kvar ein bur. Så er det heller ikkje slik at ein alltid må vere samde, seier Øen Nygård.

Ordførar Anders Ryssdal i Gloppen, Alfred Bjørlo i Eid og dagleg leiar for Nordfjordkryssing AS, Mats Andersson, er langt frå fornøgde med vegvesenet si tilråding om å leggje E39 om Stryn.

- Her er det ikkje lagt vekt på omsynet til regional utvikling, men veg tvert igjennom. Det er stor skilnad på korleis vegvesenet har vektlagt regional utvikling rundt Ålesund og Molde kontra i Sogn og Fjordane, seier Anders Ryssdal og Alfred Bjørlo. Dei meiner Nordfjord må samle seg om felles løysingar for søre Sunnmøre og Nordfjord og at vegen må gå der folk bur.

- Vegvesenet si tilråding er ein samfunnsøkonomisk feil beslutning, hevdar Mats Andersson som er dagleg leiar for selskapet som vil byggje bru over Lote-Anda.

- Det er argumentert med at indre linje er to milliardar kroner rimelagere enn midte. To milliardar er ingen ting. Ferjebillettar på dei to ferjestrekningane som vil bli erstatta med bru Lote-Anda og kryssing av Voldsfjorden utgjer tre milliardar kroner over ein 15 års periode. Dette må og inn i finansieringsplanen. Midtre linje vil binde saman regionar. Indre linje vil splitte, meiner Andersson. Som meiner det er avgjerande viktig at Nordfjord samla går i allianse med Volda og Ørsta regionen, blant anna med tanke på bruk av både sjukehus og høgskule.

- Ørsta og Volda vert navet i framtda. Dersom nordfjordingane ikkje bidreg og nyttar institusjonane her som førsteval, er det Ålesund neste. Då har vi tapt. Vi treng god veg i indre, E39 i midtre og ein god kystveg for å lage den nye storregionen, seier Andersson.

- Men eksisterande vegar og ferjer vert ikkje blokkerte dersom E39 vert lagt om Stryn?

- Det er rett, men ferjene vil gå sjeldnare og det vert meir tungvindt å knyte seg på. Difor meiner eg regionen vert sett tilbake i tid, seier Andersson.