Nytt steinras på Olden -Innvik

  Foto: Jogeir M. Agjeld

  Foto: Jogeir M. Agjeld

Nyhende

Mellom klokka 08.30 og 10.00 laurdag morgon rasa det på ny to store steinblokkar ned mot vegbana mellom Olden og Innvik. Dette berre nokre hundre meter frå der det rasa sist.

Den eine steinen landa i vegkanten eit par hundre meter vest for Vangbergstunnelen. Den andre stoppa i granfeltet ovanfor vegen. Begge steinane er omlag halvannan meter i tverrsnitt. Dei har losna ganske høgt over vegen. Den største hadde teke kursen beint ned til vegen, og lagt ned minst ei gran og skadd ei anna på si ferd. Den andre har heldigvis gjort ein sving under foten på hammaren der den kom frå, og er blitt stoppa av nokre andre grantre.

Vegvesenet sin entreprenør har vore på staden og sett opp refleksar. Han trur ikkje det blir sendt ut geolog for å sjekke om der kjem meir. Steinen vil bli fjerna i løpet av dagen.

Jogeir M. Agjeld i Trongeråsa grunneigarlag vart varsla av ein nabo, og har vore på staden og teke bilete. Han meiner at steinane nok ein gong understrekar kor mykje det hastar å få utbetra vegen.

- Uansett kva status denne vegen skal ha i framtida, må den snarast råd gjerast trygg å køyre på. Det er ikkje mange vekene sidan det var berre meter om å gjere frå at vi fekk ei svært alvorleg ulukke. Også i dag var marginane på rette sida, seier Agjeld.

I dette området er det noko nærare Vangbergstunellen at det går steinras til vanleg. Folk som har budd her lenge, seier at det ikkje har ramla stein akkurat her tidlegare, og så stor stein er i alle tilfelle utanom det normale.

Dette kan tyde på at det våtare vêret fører til større rasfare langs ein større del av strekninga. Førre gongen det kom verkeleg store nedbørsmengder, kom det eit skikkeleg ras. No har det regna mykje igjen. Det ser ut til at naturen ligg klar til å sleppe laus nye porsjonar med stein og ras ved slikt vêr.

- Vi ser gong på gong at vegen ikkje er trygg å ferdast på. Grunneigarlaget har oppmoda fylket, som er ansvarlege for vegen, om at den som får anbodet på Agjeldstunellen også får opsjon på Vangbergstunellen. Slik kan vi korte ned tida vi må vente før vi får trygg veg. Eg håpar politikarane tek dette på alvor når dei om få dagar skal gjere sine vedtak, avsluttar Agjeld.