- Glimrande E39-forslag

Nyhende

Richard Grov, hotelldirektør ved Alexandra i Loen, ser E39 gjennom Stryn som eit glimrande forslag. Han er ikkje redd for at hotellet blir liggjande i ei bakevje.

- Eg er utruleg glad for forslaget som ligg føre frå vegvesenet. Det vi treng er effektive transportårar der ein slepp å bukte seg innom alle tettstader. Difor er forslaget om E39 langs indre linje glimrande og framtidsretta.

- Men vert ikkje Hotel Alexandra i Loen liggjande i bakevja dersom E39 går på bru mellom Svarstad og Frøholm?

- Pr i dag er tungtrafikken gjennom Loen ei utfordring. Med Kvivsvegen opna vert trafikken endå større. Å få hovudtrafikken lagt på ein E39 utanom men likevel ikkje alt for langt unna, gjer at vi får ro rundt turistproduktet vårt. Sjå til Europa, der vert slike kvalitetar vektlagt. Hovudvegane går strake vegen, så vert turiststadene utvikla med dei kvalitetane ein får i form av mindre tungtrafikk gjennom områda. Å bli liggjande innerst i ei bukt ser vi som ei moglegheit, ikkje eit problem, seier Grov.



Les meir i papirutgåva