Nils P. Støyva sit trygt

  Foto: Harald Vartdal

Nyhende

Nils P. Støyva held fram i stillinga som næringsutviklar i Stryn kommune. Det er klart etter møte i Samforum beståande av kommunen, næringslivet og Stryn vidaregåande skule tysdag. Støyva har fått hard kritikk for ikkje å tale Stryn si sak i spørsmålet om E39-trasé, og vart av Richard Grov ved Hotel Alexandra oppmoda om å trekkje seg frå stillinga.

- Utgangspunktet for fokuset på Støyva si stilling er den kritikken som har kome fram, med påstand om mangel på tillit. Oppgåvene til Støyva er tufta på tillit, difor har kommunen brukt tida etter kritikken som kom fram effektivt, blant anna med dialog både mot næringslivet og Nils Støyva. I møtet tysdag var kommunen og næringslivet samde om at Støyva held fram i prosjektstillinga si ut 2012, seier ordførar Sven Flo.

Støyva sjølv seier han ikkej vil trekkje seg etter kritikken.

- Eg er glad for støtta frå Samforum og vil stå i stillinga som prosjektleiar ut 2012. Samtidig er eg open for kritikk og vil ta korrektiv og justeringar arbeidsgjevar måtte kome med, seier Støyva.



Les meir i papirutgåva