Ja, til Agjeldstunnelen

Nyhende

Fylkestinget har løyvd 150 millionar kroner til Olden - Innvik. Vedtaket var samrøystes etter at Frp først hadde fremja eit utsetjingsforslag der dei villle setje anlegget på vent til det var kome avklaring på om det blir indre linje som blir vedteken for framtidig E39. Utsetjinga fekk berre dei tre røystene til Frp.

Vedtaket vil i praksis seie at Statens Vegvesen sender Agjeldstunnelen ut på anbod i januar, og det blir anleggsstart i april. I tillegg til den 930 meter lange Agjeldstunnelen skal det byggjast 1,1 kilometer veg slik at ein vil vere framme ved tunnelinnslaget for Vanbergstunnelen når denne parsellen står ferdig.

Meir frå fylkestinget i papirutgåva