Prestevikarar bergar jula

Nyhende

Sjukdom, permisjon og ubemanna stillingar har skapt utfordringar med tanke på å sy saman prestetenesta i Nordfjord i samband med jula, men det har ordna seg med vikarhjelp og prestestudentar.

- Det var ei utfordring, men vi har greidd å få kabalen til å gå opp, seier prost Rolf Schanke Eikum som ikkje legg skjul på at det kviler mykje arbeid og ansvar på prestane, spesielt soknepresten i Stryn som er åleine prest i kommunen akkurat no.

Situasjonen i ytre er bra etter at presten i Vågsøy er tilbake, men vi har halv sjukmelding i Selje. I Gloppen manglar vi ei stilling for Gimmestad kyrkje og Breim, men prostiprest Sigurd Vengen er sett inn i tenesta der. Her på Eid er alt på plass, men Hornindal står utan prest etter at også vikaren er sjukmeld. Det gjeld også Vikane/Olden, men vi har likevel funne fram til ei løysing for jula, fortel prosten.



Les meir i papirutgåva