Fylkesrådmannen vil ha E39 via Stryn

Nyhende

Fylkesrådmann Jan Øhlckers rår politikarane til å velje indre trase for den framtidige E39 på strekninga Skei-Volda.

Dermed følgjer fylkesrådmannen Statens vegvesen si prioirtering med tunnel under Utvikfjellet og bru over Nordfjord ved Svarstad og E39 vidare nordover via Kvivsvegen. Samferdsleutvalet i fylket skal ta stilling til tilrådinga 23. januar. Fylkestinget gjev endeleg fråsegn 31. januar.

Fylkesrådmann legg vekt på at alternativet med tunnel under Utvikfjellet og bru over fjorden ved Svarstad gjev størt reduksjon i reisetid mellom Skei og Volda. Det er også lagt vekt på at alternativet er to milliardar kroner rimelegare enn alternatviet med bru Anda-Lote, over Stigedalen og bru over Austefjorden.

Alternativet som blir tilrådd inneber at staten tek over ansvaret for fylkesveg 60 og fullfører Olden-Innvik som første byggjesteg. Det står att investeringar på om lag 300 millionar kroner på dette byggjesteget.

På slutten av tilrådinga som blir lagt fram for fylkespolitikarane, heiter det:

- For å eliminere trafikkproblema på fv 60 etter at Kvivsvegen opnar i 2012, må staten ta over fv 60 og - som første byggjesteg - fullføre Olden-Innvik og byggje tunnel under Utvikfjellet.

- Tunnel mellom Kjøs og Grodås er andre byggjesteg. Dette byggjesteget er ein del av den langsiktige løysinga og er svært viktig for tungtrafikken.

- Bru frå Svarstad til Frøholm og tilstøytande veg/tunnel i nord og sør er tredje byggjesteg.