Rekordår for Innvik kraftverk

Nyhende

Innvik kraftverk AS produserte i fjor 56,1 GWh. Det tilsvarar straumforbruket til 2.800 husstandar. Tidlegare årsrekord var på 47,7 GWh.

Innvik kraftverk AS starta opp våren 2007. I løpet av åtte månader vart det produsert 47,7 GWh. Første heile driftsåret i 2008 gav 42,8 GWh. I 2009 auka produksjonen til 45,3 GWh, medan botnen vart nådd med 34,9 GWh i 2010.

- 2011 har vore eit veldig godt driftsår med rekordproduksjon kvar månad. Det fine er at vi oppnådde høge prisar utanom periodane med fastpris. Spesielt april, oktober og november gav gode inntekter, seier prosjektleiar Kjell Opheim.

- Innvik kraftverk får eit bra resultat i 2011?

- Det blir i alle fall eit godt resultat før skatt. Staten tek ein vanvittig stor del av inntektene og vi veit ikkje kor stort resultatet blir før skatten er trekt frå.