Ti for raske i Utvik

Nyhende

Ti bilførarar vart stoppa med for høg fart i Utvik onsdag kveld i 20- tida.

Utrykkingspolitiet gjennomførte fartskontrollen i 60- sona på fylkesveg 60 i Utvik. Totalt vart det skrive ut ti forenkla førelegg. Den høgaste farten vart målt til 78 km/t, opplyser politiet.