Godtek bompengar på E39

Nyhende

Eit stort fleirtal i Stryn kommunestyre aksepterer bompengar på strekninga Stryn - Byrkjelo dersom E39 vert lagt etter indre linje.

- Det er viktig å signalisere at vi godtek slik medfinansiering, sa forslagsstillar Per Kjøllesdal (Sp) og fekk støtte frå alle med unntak av Frp sine to representantar.

Stryn kommunestyre presiserer at fullføring av Olden - Innvik med tunnel under Utvikfjellet, tunnel Kjøs - Grodås og bru over fjorden frå Svarstad må realiserast innan rimeleg tid.

Les meir i papiravisa