Splid om E39-trasé

Nyhende

Det vart fleirtal på 22 i fylkestinget for Lote - Anda som fjordkryssing for E39 i Nordfjord, medan 17 røysta for indre linje med tilknyting mot Kviven.

Mellom dei som røysta for fjordkryssing Anda-Lote, er det likevel usemje om kvar vegen skal gå vidare mot Møre grense. Fem representantar røysta først for Stigedalen. Deretter røysta 19 for S-en mot Grodås og Kvivsvegen. Dermed er det ikkje kvalifisert fleirtal for vegen mellom Lote og fylkesgrensa. Det blir no opp til regjeringa og Stortinget å avgjere trasévalet for E39 Skei-Volda.



Les meir i papirutgåva