Kan spare 139.000 kroner på flagging

  Foto: Harald Vartdal

Nyhende

Dersom Stryn kommune skal flagge ved alle dei 12 kommunale bygga på alle offisielle flaggdagar i 2012, vil det koste 154.000 kroner. Rådmannen tilrår ei ordning som reduserer utgiftene til 15.000 kroner.

Det er i dag fylgjande kommunale bygg med flaggstong: Oppstryn skule og barnehage, Storesunde skule, Nordsida skule- og barnehage, Tonning skule, Stryn ungdomsskule, Stryn omsorgssenter, Stryn kulturhus/ symjehall, Kommunesenteret, Rand skule og barnehage, Loen skule og barnehage, Olden skule, Vikane omsorgssenter, Innvik skule og barnehage og Utvik barnehage.

Personale ved omsorgssentera har ansvaret for flagging på institusjonane. Seks personar må til for å utføre flagginga på øvrige bygg. Det er14 offielle flaggdagar i Norge, seks av desse på bevegelege helgedagar. Den totale kostnaden ved full flagging blir 153.287 kroner pluss reiseutgifter.

Ei flagging som utløyser helgedagstillegg, kostar Stryn kommune 2.289 kroner. Her ligg fire timar betaling for heising og firing av flagget og hundre prosent overtidstillegg når det skjer utanom ordinær arbeidstid.

- Dette er bestemt i Tariffavtalen, opplyser sakshandsamar Torfinn Moen til Fjordingen.

Stryn formannskap skal på møtet onsdag ta stiling til rådmannen sitt framlegg om å redusere flagginga til fire bygg: Stryn kulturhus, Kommunesenteret, Stryn omsorgssenter og Vikane omsorgssenter.

- Ein person vil då stå for heising og firing av flagga ved kulturhuset og Kommunesenteret. Kostnaden vert dermed redusert til ca 15.000 kroner. På omsorgssentera er det tilsette som sjølve tek seg av flagginga utan ekstra kostnad, seier Torfinn Moen.