Stor utfart på "Utviken"

I finveret langfredag strøymde folk i tusentals til Breimsbygda Skisenter Utvikfjellet.

  Foto: Harald Vartdal

  Foto: Harald Vartdal

  Foto: Harald Vartdal

  Foto: Harald Vartdal

Nyhende

Snøforholda på Utvikfjellet er ideelle både for alpinistar og turgåarar. Sjølv om dei fleste oppheldt seg i bakkane, der alle tre trekka gjekk for fullt, var det ein jamn trafikk til Fløtrevarden og dei andre attraktive turmåla. Fjordingen trefte også på folk som hadde parkert skia og berre kosa seg i påskesola.

- Når vêret er som i dag, går det ikkje an å ha det finare enn her på "Utviken", var helsinga frå glade påsketuristar.