Uvanleg skadefri påske

  Foto: Ove Sveen

Nyhende

-Konklusjonen så langt må vere at vi har hatt ei uvanleg skadefri påske. I Sogn og Fjordane har vi fram til 2. påskedag hatt omlag 15 forskjellige aksjonar der totalt ca. 50 personar har vore ute på oppdrag. Dei fleste av aksjonane har vore henteoppdrag. Skadene dreier seg mest om ledd- og beinskader, og dei fleste henteoppdraga har skjedd i Sogn, seier fagleiar samband i Sogn og Fjordane Røde Kors Hjelpekorps, Richard Schumann.

Lokalt i indre Nordfjord kan både Linda Bøe i Stryn Røde Kors Hjelpekorps og Cato Reme i Vikane Røde Kors Hjelpekorps fortelje om stor utfart og få skader.

-Vi har hatt 2-3 henteoppdrag i alpinanlegget der det er registrert skulderskade og skade i rygg/nakke på personar, men ingenting alvorleg, seier Reme. Linda Bøe i Stryn har registert berre småskader, slik som gnagsår m.m. der hjelpekorpset har gjeve assistanse.