Pengar i kassa for skisentra

  Foto: Ove Sveen

Nyhende

Både Stryn skisenter, Breimsbygda skisenter og Hornindal skisenter er godt nøgde med omsetninga i påska 2012.

-Vi må seie oss godt nøgde. No er nedrigginga i gong, og det held vi fram med utover i veka, seier dagleg leiar Ole Andre Kvame ved Stryn skisenter.

-Kor mykje omsette de for i påska?

-Nøyaktige tal har vi ikkje, men grovt sett endar vi nok på rundt 400.000 kroner i sal av heiskort, skiutleige og parkering, seier Kvame.

Styreleiar på Breimsbygda skisenter, Jon Bjørn Føtre har ikkje nøyaktige påsketal, men fortel at senteret i omsetning totalt denne vinteren kjem ut med 400.000-500.000 kroner meir enn i fjorårssesongen.



Les meir i papirutgåva