Hytteutbygging gav fond på 3,5 millionar

Hytteutbygginga i Hydla og Bøanedsetra genererer fondsmidlar på 3,5 millionar kroner. Pengane skal gå til friluftsliv, idrett, rekreasjon og andre tiltak som betrar infrastrukturen i nærområdet.
Nyhende

Fondsmidlane som skal fordelat over ti år, er resultat av at Stryn kommune overtek VA-infrastrukturen i Hydla og Bøanedsetra hyttefelt. Dette utløyser 3.468.185 kroner i momskompenasjon. Midlar som gjennom årleg tildeling på ca 350. 000 kroner vil kome ålmenta til gode.

Stryn formannskap valde Sven Flo som ein av kommunen sine tre representantar i fondsstyret. Ordføraren fekk fullmakt til å oppnemne dei to øvrige styremedlemmene. Hydla og Bøanedsetra hyttefelt skal ha kvar sin medlem i styret.

- Midlane skal brukast til investering i tiltak som kjem ålmenta til gode i nærområdet Bøanedsetra - Hydla - Stryn skisenter. Til dømes opparbeiding, investering eller vedlikehald av skiløyper, alpinløyper, alpinanlegg, lysanlegg, sykkelstiar, rasteplassar, varmestover, smørebuer, ballbingar, skeisebaner og liknande rekreasjonstiltak i lokalmiljøet, heiter det i avtalen som er inngått mellom dei to hyttegrendene og Stryn kommune.